Powered By Blogger

Er Oskar gangster?

mandag 18. oktober 2010

Sanninga imponerast ikkje lett

Eg blir skremt av å sjå på Sanninga. Ho er så pen. Og sjølv om alle eigentleg er skremt av ho, snakkar me aldri om det. Alle berre latar som ein er ven med ho, men på ordentleg er det inga som kjennar ho. Men likevel blir ein sint når man er på fest og ho ikkje er der. "Har du ikkje invitert Sanninga?!"

Sanninga er så streng. Ho himlar med auga kvar gong ein prøvar eit sjekketriks og det er umogleg å imponere eller underhelde ho. Kvifor kan ho ikkje berre akseptere at ikkje alle er så perfekte som ho? Eg undrast om Sanninga nokon gang kjem til å møte eit menneske som ho liker. Sannsynlegvis ikkje.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar